Krafta i bøn

12. Oktober 2021
Det har vore ein svært utfordrande periode å drive arbeid i Nord-Korea, med stengde grenser og umulegheiter for å kome inn i landet.

To av våre samarbeidspartnarar har likevel klart å kjøpe ris og soyabønner inne i landet, der dei ved dette har klart å produsere soyakjøtt og soyamjølk som har blitt delt ut
til sårbare grupper. Vår hovudsamarbeidspartnar, Christian Friends of Korea (CKF), har ikkje vore i stand til å utrette noko inne i landet i denne tida pga. stengde grenser, men dei har utretta svært mykje likevel.


CFK har nemleg i denne perioden fokusert på å køyre bønekampanjar for Nord-Korea. Utan at me veit det, kan desse bønekampanjane ha påverka, beskytta og redda mange folk. Det er verkeleg kraft i bøn, og me må ikkje gløyme kor stor betyding bøn har for eit land og folk. Regelmessig har CFK sendt ut bønekampanjar på e-post der dei har invitert oss til å stå saman i bøn for landet, folket, prosjekta og heile situasjonen. Det er stor naud, unge som gamle lir av underernæring og ressursane er få. Det er ein kamp for tilvere, og dei treng våre bøner.

Krafta i bønCFK har gjett reint drikkevatn til mange.

Ein god nyheit midt oppi alt dette er at me nå har klart å nå målet vårt på å samle inn 1,5 millionar kroner til mat. Dette blir til ca. 220.000 måltid, som kan vere livsnaudsyn mathjelp for mange i Nord-Korea. Ver gjerne med i bøn om at dei to samarbeidspartnarane våre som er operative inne i landet, skal få visdom i forvaltninga av denne pengegåva, og at flest mogleg skal bli metta. Sjølv om me har nådd målet med innsamlinga i denne omgang, vil sjølvsagt alle gåver til Nord-Korea framleis brukast i Nord-Korea når dette er mogleg - forhåpentlegvis om ikkje lenge.

 

Krafta i bøn

 

Krafta i bøn
Powered by Cornerstone