Det jobbes for fullt på trykkeriet.
Det jobbes for fullt på trykkeriet.     

Stadig nye minoritetspråk levert frå trykkeriet

05. Oktober 2021
Som de fleste av våre lesere kjenner til har vi i lengre tid samarbeidet med Sporos, tidligere Litteraturmisjonen, om oversettelse og trykking av Guds ord på stadig nye språk.

Tekst: Gunnar Andås

 

Vi ser dette som et viktig arbeid med å nå de minst nådde. Gunnar Andås i Sporos har sendt oss følgende artikkel:
India er kanskje eit av dei landa som er hardast ramma av covid 19-viruset. Ikkje berre er helsevesenet mangelfullt utbygd mange stader, og folketalet er så stort at dei har store vanskar med å halde avstand frå kvarandre, men landet har også opplevd ein variasjon av viruset som smittar lettare enn tidlegare kjende variantar, den såkalla delta-mutasjonen.
 

Det har såleis vore mange vanskar for teama som driv med omsetjingsarbeid å kome saman for å få kontrollert arbeida sine. Løysinga har vore å arrangere digitale møte. Det høyrest enkelt ut i vår del av verda - men det er ikkje like enkelt dersom du manglar internett i huset der du bur. Eg har i den samanheng lese om medlemer av slike team som har måtta funne seg ein stein eller tue ut på eit jorde der dei har klart å fange opp eit wifi signal som er kraftig nok til at ein kan vere med på eit slikt digitalt møte.


Sjølv om det har vore ein del forseinkingar, så kan vi likevel glede oss over at Orientmisjonen saman med Bibelmisjonen Sporos (tidlegare Litteraturmisjonen) per dato har fått vere med å levere nytestamente på 47 minoritetsspråk som tidlegare aldri har hatt Guds ord. Det finst fleire meiningar om kor mange språk som finst i India. Det spørs for ein del kvar ein set skiljelinja mellom eit språk og ein dialekt. Eit tal som har vore nemnt er 468 språk. Av desse er det 82 språk som har fått omsett heile Bibelen.
 

134 språk har fått omsett nytestamentet og omsetjingsarbeid er i gong på ytterlegare 147 språk. Når dette arbeidet er ferdig, så er det framleis 105 språk som ein kan ta tak i. Parallelt med dette, så har vi også fått informasjon om fleire språk som vil bli klar til trykking i Vietnam og Myanmar dei komande åra. Som misjonar kan vi difor gle oss over at det framleis vil vere bruk for oss og vår innsats i mange år framover.

 

Stadig nye minoritetspråk levert frå trykkeriet

Litteraturmisjonen har skiftet navn til Bibelmisjonen Sporos. Etter hvert som arbeidet til misjonen har vokst, har misjonen fått stadig mer fokus på distribusjon av bibler og nytestamenter. Styret har derfor bestemt at misjonen fra nå av skal hete Bibelmisjonen Sporos. Det har også blitt utarbeidet ny logo som skal kjennetegne misjonen.

Powered by Cornerstone