Ei minnerik song- og musikkhelg i Otrahallen

08. September 2026
Folk kom frå fjern og nær for å vere med på song- og musikkhelga i Otrahallen. Me hadde besøkande frå Vestlandet og Sørlandet, frå Danmark – og nokre køyrde heile 70 mil frå Sverige for å kome!

Tekst: Marianne Elle

Laurdag var det mellom 500 og 600 menneske samla i hallen. Det vart fullt nede i salen, og me måtte finne fram fleire stolar. Til slutt måtte også tribunen takast i bruk. Det var flott å sjå så mange menneske samla til song, musikk og fellesskap.

Ei minnerik song- og musikkhelg i Otrahallen Ei minnerik song- og musikkhelg i Otrahallen

Gjennom helga fekk me oppleve nydeleg song og musikk frå Rett Kurs og fleire andre songarar og musikarar. Det vart også godt fellesskap og flotte ord frå Bibelen. I tillegg var det matsal, loddsal og stand med informasjon om arbeidet. Helga gav eit overskot på rundt 230 000 kroner, som går direkte til arbeidet i India. Det er me svært takksame for. 

Ei stor og hjarteleg takk til alle som kom, alle som bidrog, og alle som på ulike måtar var med på å gjere denne minnerike helga mogleg!

 

Powered by Cornerstone