Ein inspirerande dag i Kristiansand

16. Oktober 2026
Laurdag 3. oktober møttest stab, nokre frå styret og frivillige i Kristiansand.

Det vart ei inspirerande samling med gode samtalar, nyttige drøftingar og sosialt fellesskap. Eit av temaa me snakka om, var strategi og korleis me kan nå betre ut til aldersgruppa 18–30 år. Me arbeidde i grupper og delte tankar, erfaringar og gode innspel med kvarandre.


Det sosiale var også ein viktig del av dagen, og me sette av god tid til lunsj, pizza og fellesskap. Svein Løvdal leia oss fint gjennom dagen, og Åse Marit Hegland avslutta med eit ord for dagen. Det vart ein inspirerande dag der me fekk drøfte viktige spørsmål, bli betre kjende med kvarandre og styrkje fellesskapet som team i Evangelisk Orientmisjon.

 

Powered by Cornerstone